Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen – stor festdag på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. juni 2018

Laurdag var det stor aktivitet på mange frontar på Bordholmen. Det var slett ikkje berre eit trettitals fotballag og eit hundretals mosjonsløparar, men også stor aktivitet på loppemarknaden i reiskapshuset og ikkje minst eit storslått mattilbud med mange grillrettar som har vore førebudd i vekesvis. Det er lagt stor vekt på at deltakarane skal ha eit godt mattilbud når dei er her.

Leiar i Todalen idrettslag, Nils Ove Bruset, er imponert over den innsatsen som er lagt ned i samband med Todalsdagen. Folk har først jobba fleire kveldar på dugnad, for å kome i stand til arrangementsdagen. Det er nok ting vi kan forandre og forenkle litt, seier han i etterkant. Dette vil han evaluere saman med arrangørstaben no etter årets arrangement.  Men Nils Ove er imponert over den gleda og den entusiasmen som de unge deltakarane viser – det smittar over på oss alle seier han, som snart startar planlegginga av ny Todalsdag til neste år.

Vi har laga eit bildegalleri som viser ein del av aktivitetane rundt om kring på Bordholmen på Todalsdagen.  Alle bilder: Jon Olav Ørsal 

Publisert: 30. juni 2018, 21:43