Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag – har tilhengar til utleige

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. september 2020

Todalen Idrettslag har investert i ein heilt ny tilhengar for å kunne utføre transport av laget sitt utstyr og materiell mellom dei mange anlegg sine og andre stadar. Tidlegare har laget vore avhengig av å låne tilhengar til alle transportoppdrag, men no blir dei altså sjølvberga på dette området. Saman med kjøpet av tilhengaren har Idrettslaget og kjøpt lastesikringsutstyr og presenning for at transporten skal vere sikker. Om nokon treng å leige tilhengar, så er det berre å ta kontakt med Lars Stensby. Prisar og kontaktinformasjon lenger nede i saka. 

TIL-hengaren Todalen I.L. har kjøpt. Foto: Lars Stensby

Tilhengaren er ein Gaupen A1330T med manuell tipp. Totalvekta på hengaren er 1 300 kg. og nyttelasta er på 1 005 kg.

Tilleggsutstyr til tilhengaren. Foto: Lars Stensby

Idrettslaget har bestemt seg for å leige ut tilhengaren i dei periodane dei ikkje brukar han sjølv. Leigeprisen er kr. 100,- pr. dag og inkluderer sjølvsagt lastesikringsutstyr og presenning. Er du interessert i å leige tilhengaren kan du ta kontakt med:

Todalen Idrettslag informerer i same slengen at dei skal selje eit brøyteskjer til plentraktor og ei tredemølle. Om du er interessert i noko av dette så kan du trykkje på lenkjene for å sjå salsprospekta: Brøyteskjer til plentraktor og Tredemølle

 

 

Publisert: 20. september 2020, 18:00