Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø informerer om reguleringsplan for Kvennsetøran

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. september 2018

Elementfabrikken til Talgø MøreTre har fått ein flying start. Ikkje minst er det skapt mange nye arbeidsplassar har det siste året og dei reknar med å produsere byggelement for rundt 80 mill. i inneværande år.  Det første driftsåret har også vist at det er behov for mykje lagerplass, og Talgø ønsker no å dette i system gjennom ei reguleringsplan for området nord-vest for dagens fabrikkanlegg.  I samband med planarbeidet inviterer Talgø naboar og andre berørte partar til informasjonsmøte på fabrikken tysdag 18. september kl 19.

På agendaen denne kvelden står altså presentasjon av planene og sjølvsagt blir det ein kaffedråpe og noko å bite i. Nedafor har vi lagt inn invitasjonen til møtet med saklista.  

Det er området nordvest for dagens fabrikkanlegg som blir omfatta av reguleringsplana. Området er delvis omflødd når det er stor flo. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. september 2018, 18:57