Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
T-Komponent vart Miljøfyrtårn

T-Komponent vart Miljøfyrtårn

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juni 2011

Fredag vart T-Komponent den første bedrifta i Rindal som fylte krava til å bli Miljøfyrtårn i Rindal. Under ein offisiell seremoni på kantina hos T-komponent kunne ordførar John Ola Aspli overrekkje det synlege beviset til dagleg ledar Elmer Talgø. Alle tilsette var samla i kantina for å feire at dei var i mål med prosessen, og hadde sluppet gjennom nålauga for å bli sertifisert. Med ei stor marsipankake med Miljøfyrtår-logo på vart det servering av kaffe og kake til alle som var til stades.

Aspli sa under overrekkjinga at dei tilsette har god grunn til å vere stolte av denne sertifiseringa, og sa vidare at dette er eit viktig steg i fin retning for eigen del og for fin miljøutvikling til ei bærekraftig framtid. Dette vil vere fin inspirasjon både for kommunen og for dei andre bedriftene i kommunen, og vil kunne nyttast fonuftig til marnads- og salgsarbeidet og vil nok bli lagt merke til. Det beviser at bedrifta også er god basisaktivtetar, og ikkje berre på produksjon.

T-Komponent har lenge hatt ei bevisst haldning til miljøpåvirking, og har no sett dette arbeidet i system. At bedrifta no har vorte Miljøfyrtårn betyr at dei har gått gjennom ei miljøanalyse, der dei skal finne fram til enkle tiltak for betring av område som avfallshandtering, energibruk, materialbruk, transport, utslepp til luft og vatn, samt estetikk. I tillegg vert det lagt vekt på arbeidsmiljø, lønsamheit, kvalitet, dokumentasjon, kundekrav og ommdøme. Miljøfyrtårn-sertifikatet er eit Norsk offentleg sertifikat som blir delt ut når bedrifta fyller bestemte krav. Enkelt sagt går det ut på å sette miljøarbeidet i bedrifta i system, der ein gjennom felles innsats finn godkjente løysingar. Her kan nemnast at ein ved T-Komponent har oppnådd ein sorteringsprosent på avfall på heile 97%. Altså er det berre 3% av avfallet som er usortert.

Dagleg ledar Elmer Talgø berømma dei tilsette for innsatset som er lagt ned med dette arbeidet, og spesielt Bjørnar Brøske som har vore ein slags koordinator i dette arbeidet. Elmer og Bjørnar fortalte litt om prosessen dei har vore igjennom, og var ikkje snauare enn at dei sette mål av seg til å jobbe vidare mot neste mål som er å oppfylle krava til Svanen/Ecolabel. Dei orienterte også om arbeidet i Energinettverk Svorka, der T-Komponent er utnemnt til å vere pilotbedrift. Dette er eit ENØK-samarbeidsprosjekt med fleire nordmørsbedrifter, samt Svorka Energi og fylket.

Finn Talgø var imponert over arbeidet som er gjort ved T-Komponent for å få til dette, og  uttrykte at T-Komponent er eit eksempel for etterfølgjing for dei andre Talgø-bedriftene. Han sa vidare at slik sertifisering kjem til å bli eit krav for alle i framtida, og rosa dei ansatte for stor vilje til endringar og omstilling.

Sjå bilda frå den offisielle seremonien på T-Komponent i galleriet nedafor.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. juni 2011, 22:50