Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag kveld: Fleirkulturell bøgdakveld i kulturhuset.

Jon Olav Ørsal Fredag 21. oktober 2016

I helga går den store innsamlingsaksjonen av stabelen, og i år er det Norges Røde Kors som skal ta i mot dei innsamla pengane. Reidar brøske i Surnadal Røde Kors fortel at dei har lagt opp til at alle heimar i kommunen skal få besøk av bøssemannskap i løpet av søndagen, så da er det berre å putte på penger på bøssene og gi så det svir. Surnadal Røde kors innviterer i samband med innsamlingsaksjonen til fleirkulturell bøgda kveld i kulturhuset. Det skjer frå kl 19.00 søndag 23. oktober.

Her blir det servert kaffe, saft og pepparkaker alt frå kl 18.30, og det er inkludert i inngangsbiletten som kostar kr 100,- og som du kan kjøpe på http://www.billettluka.no/surnadalkulturhus.

rode-kors-logo

På programmet denne kvelden står:

  • Kulturelle innslag i for av song, musikk og dans framført av elevar ved kulturskulen og elevar ved integrerings- og voksenopplæringa.
  • 4 medlemar frå Halsa sanitetsforening kjem og fortel om sine opplevingar og erfaringar som frivillige i flyktningearbeidet på Lesvos i Hellas.
  • Innblikk i Røde Kors sitt arbeid gjennom vising av kortfilm frå verksemda

Det er ordførar Lilly Gunn Nyheim som opnar arrangementet, og Mons Otnes er konferansier. Alle bidragsytarar stiller opp utan vederlag, og inntekta går uavkorta til årets innsamlingsaksjon.

Publisert: 21. oktober 2016, 19:46