Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skredkurs og utfart på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. februar 2020

Sjølv om det nok var litt kald vind og snøfokk i høgda var det mange som nytta den flotte dagen til å ta seg ein skitur.  Det var mange bilar både på Kårvatn og på parkeringsplassen ved Innerdalsmerket. Med tanke på vind og snøfokk, så er det nok dørstokkmila som er verst, for i dag finnes det stort utval i gode klær for den som vil ut.  Sjølv med vind og snøfokk i lufta var nok Dalalia og Tydalsnebba målet for mange som ville prøve pudderføret etter det siste snøfallet.

Dalalia og området oppover mot Tydalsnebba er arena både for utfart og skredkurs i helga. Foto: Jon Olav Ørsal

Ei gruppe frå Trondhjems Turistforening er i gang med nok eit skredkurs i Dalalia. Dei har tilhald i Målastua på Kårvatn, og har nok yppeprlege forhold for å arrangere skredkurs i Dalalia og området nedafor Tydalsnebba.  Håvard Engen frå TT er kursleiar, og kurset starta fredag kveld. Kurset skal fortsette både laurdag og søndag.  Her får deltakarane lære seg å vurdere vêr og føreforhold, samt å lære seg å vurdere kva som er farleg og korleis ein skal ferdast trygt i fjellet, for det er ikkje nok å lite på yr.no som er eit mekanisk generert varsel.  

Nils-Erik Ulseth er nok best på skiskyting, men han hadde også god peiling på val av utstyr til randosporten. Her er det Therese Jørgensen og Sindre Søderlund som får gode råd. Foto: Jon Olav Ørsal

På «butikken på låven» var det også aktivitet. Laurdag var det Nils-Erik Ulset som hadde helgevakt, og da vi stakk innom var det Therese Jørgensen og Sindre Søderlund som fikk gode råd i valg av randoneeutstyr. Kårvatn Fjellutsyr var tidleg ute med satsing på randoneeutstyr og kan vel kalle seg pionerar på det området.  Sjølv om Nils-Erik er skiskyttar hørtes det ut som han hadde god peiling på val av utstyr til lydhøre kundar. 

Det blåste godt rundt nåvene på butikken til Kårvatn Fjellutstyr laurdag føremiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Utfart frå Innerdalsmerket mot Tristeinan og Bjøråskaret. Her er det nyoppkøyrte løper til Tristeinan og utoveer til Skihytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Mari Redalen har vi fått nokre «pudderbilder» fra området mellom Dalalia og Tydalsnebba – kald vind, men elles fint rapporterer Mari!

Drømmeforhold i høgda Foto: Mari Redalen

Tydalsnebba i sikte! Foto: Mari Redalen

Gammelseterdalen og Tovassfalla i det fjerne – Foto: Mari Redalen

Publisert: 29. februar 2020, 13:43