Skjelprøvar av laksen
Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.
Dette medfører at fiskarane i ToÃ¥a mÃ¥ ta skjelprøve av kvar laks og levere saman med fangstrapporten nÃ¥r dei avsluttar fisket. Det har hittil i sesongen ikkje vore teke sÃ¥ mange laksar som har hatt synlege teikn til Ã¥ vere oppdrettslaks, men ved Ã¥ ta skjelprøvar vil kvar enkelt laks bli gentesta, for Ã¥ sjÃ¥ om dei er ekte “todalingar”. Det er mykje rømt laks i fjordane i Trøndelag, og prosjektet skal mellom anna vere til hjelp for Ã¥ finne ut kvar denne laksen kjem frÃ¥.





































