Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning for stavgangarane i strålande ver

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. oktober 2016

img_0198

Ivrige stavgangarar klare til start. Foto: Dordi J H

Torsdag 13. oktober var det sesongavslutning for stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. Veret kunne ikkje ha vore betre, og heile 36 personar møtte opp ved Vang skisenter for å vere med på dagens trimtur.

img_7623

Denne artige kuletoppfurua står i skogen nedanfor Vang. Foto: Dordi J H

Kristian Ranes ønskte alle velkomne og orienterte om dei ulike turalternativa. Her kunne ein rusle rundt i nærmiljøet ved skisenteret, gå den gamle postvegen i retning Stangvik eller ta ein tur ned til Kvennahaugen. Når det er stavgang, bestemmer kvar og ein tempoet sjølv og kor lang turen skal vere, om ruta skal vere ganske flat eller om ein kan ta med ein motbakke eller to. Men like viktig som trimmen, er det å ha godt turfølgje. «Det viktigaste er å ha nokon å tala med», var det ein som sa. Og mange la vekt på at stavgangen er eit godt trivseltiltak, samtidig som det er sunt å gå.

img_7628

Litt folkeopplysing langs stien. Døme på torvstrøhesje. Torva vart blanda i husdyrgjødsla og var viktig som jordforbedringsmiddel for bureisingsbruka i området. Foto: Dordi J H

Etter turen var det denne dagen kaffelag inne i klubbhuset til Søya, berre så vidt at alle fekk plass ved borda. Folk tok fram termosen medan fem damer sørga for gode kafebrød: lefser, bakels med både mølsgraut og smørgraut, – og riktig godt smaka det.

img_7639

Bitten og Kristian Ranes. Foto: Dordi J H

Det er Bitten og Kristian Ranes som står for organiseringa av stavganggruppa. Dei kunne oppsummere ein god sesong: I alt har det vore 16 turar, sju før ferien og ni etter ferien. Oppmøtet har vore godt heile sesongen, rundt 30 deltatakarar i snitt, med 44 deltakarar som årets rekord. Bitten og Kristian takka Randi og Vidar Sogge og Bjørg og Per Bruset for god hjelp med stavgangen denne sesongen, da dei båe var nye i pensjonistlaget og stavganggruppa dette året. Men dei satsar på at det blir nye rundar med stavgang våren 2017. Det er ikkje så lett å finne nye turmål for stavgangarane da dei no har vandra i lag i mange år, og det må vere både høveleg terreng, triveleg rasteplass og stor parkeringsplass tilgjengeleg.

img_7637

Klare for kaffepause. Frå venstre: Odd Enge, Åse Meringdal og Per Emil Meringdal. Foto: Dordi J H

Bitten fortalde at ho er nyinnflytta i Surnadal, og at ho gjennom stavganggruppa lett vart kjent med folk i bygda. Bitten fekk også ein spesiell takk frå Grete Mauset da Bitten ofte har stilt opp med kaffebrød til stavgangarane gjennom sesongen.

img_7656

Ingen plass ledig i klubbhuset på Vang i dag. Foto: Dordi J H

Kristian Ranes avslutta ei triveleg kaffestund der det vart fortald gode historier og praten gjekk lett, med å ønske alle vel møtt til ein ny sesong ut på våren 2017.

img_7663

Frå venstre: Randi Sogge, Bitten Ranes, Bjørg Bruset, Wenche Østenby Kvendset og Sigrun Ørsal, dei sørga for gode kaffebrød! Foto: Dordi J H

img_7658

Grete Mauset (til venstre) takka Bitten Ranes for god servering gjennom sesongen. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. oktober 2016, 18:46