Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Så blir det rekkverk i Brusetmelan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. oktober 2018

Utbetringsarbeidet i Brusetmelan er i ferd med å kome til vegs ende. Fyllingane er på plass og det er opparbeidd 2 møteplassar, slik at iallfall mindre bilar kan passere kvarandre. No er det rekkverk som står for tur, og tysdag morgon starta arbeidet med å montere rekkverk frå Vangen og innover til vegen som går til Hjellen.  4 mann og 4 bilar får Gjerde fikk unna seg arbeidet og dei rekna med å bli ferdige før dei tok kveld.

Ove Martin Alnes frå Gjerde førebur montering av rekkverk i Brusetmelan. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei 4 stilte med kvar sin bil, som hadde kvar sin funksjon.  Den eine bora hol til pålane og nr 2 sette i pålane og fylte på med sand, medan den tredje monterte rekkverket på pålane. Den fjerde monterte og tilpassa «støtdemparane» på enden av rekkverket.  Han som bora hol hadde eit hydraulisk boreaggregat på bilen som kunne bytte på å bruke oljehammar eller trykkluftbor, alt etter korleis grunnen i vegkanten er. Treffer dei på fjell så blir det trykkluftboren som må i sving.

Gjerde er Noregs største aktør for montering av rekkverk, og opererer over heile landet og har eit 50-tals tilsette som driv med montering av rekkverk og sikring av veg heile året.

Det blir eit solid rekkverk forbi Brusetmelan kunne dei fortelje. Mot elva skal pålane stå ekstra tett, og det skal monterast dobbelt rekkverk som skal kunne stå i mot ein trøkk, uten at ein skal hamne i elva.  No er det altså på det næraste ferdig, og prisen for rekkverket kjem på rundt ein halv million. Så er det berre asfaltering som står att – det skal leggast ny asfalt forbi den nye strekninga forbi elva, men det blir ikkje før neste år.

No blir det montert rekkverk frå Vangen og forbi Brusetmelan Foto: Jon Olav Ørsal

Her trefte dei på fjell – her må det hardere lut til, og trykkluftboren ordna effektiv på det. foto: Jon Olav Ørsal

Her justeres og festes pålane på rekke og rad. Foto: Jon Olav Ørsal

Her startar rekkverket – det blir ein skikkeleg buffer i enden av rekkverket. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. oktober 2018, 12:59