Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Runda av sesongen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. april 2015

Søndag var siste kveld med sjakkspel på Matkroken for denne sesongen. Oppmøtet var da også prega av at det er vår, og mange andre aktivitetar som ligg føre. Men det vart da tre lag som vart med på siste runden og samtidig vart det tid til å diskutere opplegget for neste sesong….

Tormod_Anders_6979

Tormod Kalseth og Anders Talgø i siste kamp for i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Det blir sesongstart og første samling 13. september med Kaffekroken på Hals som møteplass, og planlagt turnering med start frå 25. oktober og utover hausten og vinteren – og sjølvsagt finale ein gong rund påsketid.

Sist vinter har det vore eit 20-tals deltakarar, med litt varierande antal frå gong til gong. Trygve Halle, som er pressetalsmann for gruppa, seier at det har vore trivelege kveldar og positiv tidtrøyte for alle som har vore med. Til neste sesong håpar han at enno fleire har lyst til å bli med. men no tek iallfall sjakkgjengen ein velfortjent ferie fram til ny sesongstart som altså blir i midten av september.

Publisert: 27. april 2015, 10:07