Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Riktig kjekt med Fredrikkekaffe!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 2. mars 2019

Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!

Dordi viser fram ulike strikkeprodukt – det ligg mykje på nett! Foto: Dordi J H

Dordi Fedje som kan det meste om handarbeid og er flink til å forklare, var på plass i Sanitetshuset. For dei som hadde lyst til å lære ein ny teknikk demonstrerte ho «dominostrikk» – ein artig strikkemåte med fine effektar. Denne teknikken, ein lappeteknikk, kan brukast til å lage fine teppe, sjal, gryteklutar, oppvask-klutar osb. Ja, på nettet kan ein finn oppskrifter både til genser og tøflar, og blir ein riktig ivrig, er det fleire bøker om emnet.

Slik kan ein klut i dominostrikk bli. Spesiell kant – det må vi få lære ein annan gong. Foto: Dordi J H

Men det var skikkeleg artig å prøve seg på dominostrikk, lettvint måte å lage fine lappar og få strikka dei saman. I tillegg til å vise dominostrikk hjelpte Dordi til med å gi gode råd og tips om strikking på basisplan – kjekt for underteikna i alle fall!

Dordi har interesserte «elevar». Frå venstre: Dordi, Elinor, Jorunn, Synnøve, Sidsel. Foto: Dordi J H

Full konsentrasjon om arbeidet og praten. Frå venstre: Jorunn, Margit, Randi, Ildri, Synnøve og Jenny.Foto: Dordi J H

Sjølvsagt var det fritt fram for å strikke vidare på både genserar, teppe og lestar eller brodere på bunadsselar som det hasta med å få ferdige, stor innsats og livleg prat!

Helen og Arndis serverte kjempegode kaffebrød og kaffe, og det var basarstemning med utlodding og mange gevinstar.

Heile 25 deltakarar på strikkekaffeen – riktig kjekt og triveleg arrangement!

Maria stilte med minst to handarbeidsprosjekt. Her viser ho fram eit broderi ho er i godt i gang med! Maria hadde med seg både mor, bestemor og oldemor på Fredrikkekaffe i dag! Foto: Dordi J H

Godt med kaffepause. Frå venstre Synnøve, Ingeborg, Grete og Ester Karin. Foto: Dordi J H

Frå venstre: Jorunn, Synnøve, Sidsel, Marie og Dordi. Foto: Dordi J H

Stor aktivitet. Frå venstre: Sidsel, Marie, Britt, Synnøve, Arndis og Dordi. Foto: Dordi J H

Somme kom godt i gang med dominostrikk. Foto: Dordi J H

 

 

 

 

Publisert: 2. mars 2019, 22:46