Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rehab på utflukt til Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 18. august 2015

Tysdag var rehabavdelinga ved Surnadal sjukeheim på årets sommarutflukt, som i år gikk til Todalen. Talgø hadde stillt Gammelfabrikken til disposisjon for gjengen og i formiddagstimane ankom dei med buss til Brusetmarka, og her kunne dei kose seg heile dagen i det fine sommarvêret og over 20 på gradstokken.

Etter ein sommar med berre dritver var det godt å kome ut i sola og nyte godvêret og få eit skikkeleg avbrekk frå den grå kvardagen. Det var lagt opp til mest friluftskos, men eit lite innblikk i Talgøhistoria stod på programmet. – Og jammen såg det ut til at gjengen trivdes og nytte dagen i langdrag i kvarandres selskap. Kjøkkenet på sjukeheimen hadde sendt med middagen – nydeleg lapskaus – som kunne nytast på terrassane til akkompagnement frå Storfossens brus.

Jon "Jobus" Husby hadde med seg trekkspellet og stod for det kulturelle innslaget. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det klart for dagens store overrasking og kulturelle innslag. Jon «Jobus» Husby dukka opp med trekkspellet, og da var det sving. Han diska opp med både visesong og andre musikkalske innslag og det vart ei munter stund som han avslutta med «Kveld i Trollheimen» som han også hausta stor applaus for.

Men dagen gikk fort, og og snart var det tid for å samle troppene for å reise attende til Surnadal, men først var det ettermiddagskaffe med valfritt marsipan- eller romkake til kaffen. – Og slik slutta annleisdagen ved rehabavdelinga som gjorde så godt for både den eine og den andre.

Fossen2_1366

Nei da, det vart ikkje bading, Men huldra var der! Foto: Jon Olav Ørsal

Fossen_1371

Poserte framfor Storfossen – pleiarar og brukarar i skjønn forening. Foto: Jon Olav Ørsal.

Publisert: 18. august 2015, 20:38