Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rådyr påkjørt

Rådyr påkjørt

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. desember 2010

Ragnar Halle er ledar i viltnemnda i Surnadal kommune. I kveldinga 2. juledag fekk han telefon frå politiet om at det var meldt om eit rådyr som var påkjørt på Ansnesvegen i Todalen. Det var ein trafikkant som hadde observert rådyret i veggrøfta, og ved nærare ettersyn viste det seg at det hadde vore påkjøyrt og stygt skadd. Ragnar tok med geværet og dro ut, og det viste seg at begge framfotane var ødelagt, og at dyret måtte avlivast. Ragnar presiserer at slike påkøyrslar skal meldast til politet, slik at dei får ta avgjerda om kva som skal skje vidare. Det er faktisk straffbart å unnlate å melde frå om slike påkøyrslar.

Publisert: 28. desember 2010, 17:41