Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Podeverkstad i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. mars 2023

Søndag 26. mars inviterer Svinviks arboret til årets podeverkstad i klokka 13:00. Poding av frukttre er ein mykje nytta formeringsmetode der ein spleisar saman ein kvist frå med ei rotplante. Har du kanskje eit fint gamalt epletre du ønsker å få fleire eksemplar av? Da kan du ta med ein kvist og få rettleiing til korleis du skal gå fram for å få til eit nytt tre.

Ta gjerne med eiga hagesaks (liten type) og podekniv dersom du har. Det vil vere gode podeknivar til utlån, og til sal for den som ønsker å kjøpe for å ha med seg heim.

Arboretet har grunnstammar til eple-, pære- og plommetre for sal. Dei har også ein del podekvistar frå ulike artar. Arbeidet vil foregå utandørs, medan kaffepausen kan takast innandørs.

 

Billettpris: 150,- kroner
Grunnstammar: 120,- kroner pr. stk.
Kaffe og enkel servering.

Det er ikkje nødvendig med førehandspåmelding, men meld deg gjerne interesse på: Facebook-arrangementet til arboretet.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 21. mars 2023, 08:21