Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Planlegg ny konsert under Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Sundag 21. juni 2015

Konserten på Gammelfabrikken ga meirsmak for Eric Malling og Knut Bergli.  No planlegg dei ny konsert under Todalsdagen 27. juni  – eit samarbeid mellom Todalshytta og Todalen Idrettslag.  Denne gongen kan dei by på konsert med Asle Beck og Yngve Kristiansen – utekonsert på den nye scena framfor Todalshytta.

Eric Malling – vertskap på Todalshytta – gler seg til å ta i bruk det nye langbordet på på plassen framfor Todalshytta.Her saman med Knut Bergli frå Todalen Idrettslag. Foto: Jon Olav Ørsal

Der vil dei dei tilby grillmat og tilbehør før konserten, og inviterer både sambygdingar og andre til å slappe av med litt grillmat og prima underhaldning etter at aktivitetane er ferdig på Bordholmen.

Med konserten på Gammelfabrikken frist i minnet, gler vi oss til ein ny konsertkveld – denne gongen på Todalshytta. Billettsalet er ikkje kome i gang enno, men det vil bli billettsal både på Matkroken i Todalen og på Surnadal kulturhus – og sjølvsagt ved inngangen. Her kan du laste ned plakaten

 

AsleBeck_8665_utsnitt

Asle Beck under konserten på gammelfabrikken – under Todalsdagen 2015 får vi gjensyn med den populære artisten og todalsvenen, når han kjem til Todalen saman med Yngve Kristiansen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 21. juni 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 23. juni 2015, 23:39