Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Måndag 30. mars 2015

Her kjem episode to i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vi hoppar rett inn i det, redaksjonsassistent Lebrekk Bladfyk er på Hals eft. og eit av bileta til Sanitetens kunstlotteri er forsvunnet.

”Ingen forlèt butikken utan at namn er notert og posar sjekka!” Det var handelsmann Nordvik, også kjent som Borgarmeisteren, som tok ordet. ”Eg har penn og papir!”, det var Bladfyk som hadde kome seg laus frå smågodthylla. ”Suverent!” Nordvik hadde no tatt på seg ei hovudlykt (sist nytta under straumlausa under Raset) for å lyse folk i andletet for å sjå dei ekstra godt. Han hadde og væpna seg med Heimar og ættar i Stangvik. Den måtte dei spurte halde handa på, og sverje at dei sa sanninga og ikkje noko anna enn sanninga.

del_2_Handelsmann_Nordvik

Det var ikkje lett å halde tempoet til handelsmannen. Og for nokon som ikkje lenger er så stødig på kva folk eigentleg heiter i folkeregistret gjekk det lett surr i Halle, Husby, Kvendset, Ørsal og Bruset. Og ein og anna Ansnes. Særleg ga dei som sa at dei var tjukkast slekta lett hovudbry for ho som noterte. Men, til slutt var alle loggførte utan spor av verken måneskin eller hjort.

Sanitetsloddseljar hadde no summa seg såpass at ho kunne gi forklaring. ”Jau, eg hadde nett sjekka kor mange lodd eg hadde seld i dag. Det har vore stor interesse, og særleg biletet av hjorten har fleire sett på. Eg skulle berre hente meg ein kopp kaffi, og da eg kom attende til bordet var biletet vekk. Borte. Som nysteika bakels på dugnad.” ”Ikkje noko uvanleg altså?” Handelsmann Nordvik tromma utolmodig på Heimar og ættar. ”Nei. Eller …” Saniteten sin utsendte tok ein liten pause. ”Ja, altså det var ein bortom som eg ikkje har sett før.” Både Bladfyk og Handelsmann stoppa opp, og lente seg fram. ”Han spurte om biletet, men kjøpte ikkje lodd. Det var akkurat som at det var noko kjent, men … Han hadde skjegg. Nei, eg veit ikkje noko meir.” Ho tok ein sup av kaffikoppen, fortsatt sterkt prega av hendinga. ”Men eg skjønar tjuven godt eg. Slikt eit fint bilete. Ja, eg har sagt det til mange. Sjå på kronhjorten. Hadde ikkje det vore noko over sofaen? Og med fullmåne, ja da blir det nesten litt romantisk” Fru Sanitetsloddseljar lo, blei raud i kinna og kika på Handelsmann Nordvik. Han såg ikkje til å bry seg nemneverdig. Verken om kunst, sofastemning, loddsal eller anna som ikkje var nemnt i Stangvikboka.

Dei blei einige om å melde tjuveriet til politiet, dette sto verken på beredskapsplana til Saniteten eller det lokale brannmannskapet. Men kvifor hadde tjuven berre teke Kronhjort i måneskinn og ikkje Stranda heimover? Kunne ein konkludere med at det var nokon utanbygdes som ikkje kjende kjensla av å køyre stranda innover?

del_2_temperaturtelefon

Bladfyk sjekka vakttelefon. Ei ulese tekstmelding. ”Hei! Er det ønskeleg med ein statistikk over dei siste 10 år med temperatur den 4. april knyta opp mot fullmånefasen? Det er fort hjort.” Det var Temperaturmålar Bruset. Med ein oppsiktsvekkande skrivefeil frå den kanten … var det noko i underbevisstheita hans som slo igjennom? Ho svara ”Ja, så lenge det ikkje det blir rådyrt” og tenkte at dette måtte ho følgje opp nærare.

Følg med i morgon, tirsdag, då kjem episode nummer 3!

Først publisert: 30. mars 2015, 06:00 - Sist oppdatert: 29. mars 2015, 23:15