Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På førejulsbesøk på Stangvik aldersheim.

På førejulsbesøk på Stangvik aldersheim.

Vidar Sogge Fredag 7. desember 2012

Deltakarar frå Surnadal folkedanslag besøkjer om lag kvar 6. veke Stangvik aldersheim, og den 4. desember var dei der på førejulsbesøk. Som vanleg vart vi godt mottekne, og snart ljoma gammeldansmusikken gjennom rommet, og dansen var i full gang.

Dette var musikk alle lika, og dei som ikkje var ute på golvet, trappa takta og klappa i hendene. Som avslutning vart det servert graut og bakels. Takk for den gode mottakinga og god jul!

Her finn du bildegalleri frå førjulsbesøket på Stagvik aldersheim.  Dei fleste foto: Vidar Sogge

Publisert: 7. desember 2012, 22:50