Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Sanitetsforening

Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.

Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.

Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet

Leiar: Maren Ansnes

Nestleiar:Kari Kvendset

Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe

Sekretær: Kristine Saksen Ulvund

Styremedlem: Ingrid Pedersen og Åse V Redalen

Vara: Steffi Bohle og Dordi Jorunn Halle

Husstyret: Anne Helene Halset og Synnøve Hole Talgø.

Ta kontakt med Anne Helene Halset på telefon 918 16 615 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.

Først publisert: 19. november 2009, 16:10 - Sist oppdatert: 10. mars 2019, 23:32

Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Side 3 av 3812345...Siste »

Kløverturen med befaring i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. september 2019

Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.


Kløvertur etter Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. september 2019

Sanitetsforeninga melder at det blir Kløvertur måndag 2. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Kjekt å treffast til Rusletur og lunsj!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. august 2019

Sanitetsforeninga inviterte til KløverRUSLEtur og lunsj i Sanitetshuset måndag 26. august. Det vart ein fin dag; sol frå skyfri himmel og vindstille – da er det riktig så fint å vera på Kvennsetørå!



Kløvertur – haustsesongen startar 19. august. Blir du med på tur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. august 2019

Haustsesongen for Kløverturane i Todalen sanitetsforening startar måndag 19. august. Turen denne dagen går frå redskapshuset på Talgøgarden og innover skogsvegen til «Gammelreiret». Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derfrå kl. 11:00. All er velkomne til å bli med ut tur!


KløverRUSLEtur i sommarver

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. juni 2019

Måndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.


KløverRUSLEtur på måndag, siste før ferien!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. juni 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til RUSLETUR – Kløvertur måndag 24. juni. Denne gongen er det oppmøte ved SANITETSHUSET kl. 11:00. Viss det er fint og stille ver, blir det Rusletur utover til Småbåthamna med base der. Er det sur vind, blir det base ved Sanitetshuset.


På langtur for fagleg påfyll

Elinor Bolme Sundag 16. juni 2019

I helga har over 400 sanitetskvinner vore samla på Quality Hotel Expo på Fornebu. 5 av desse representerte ei lita, men veldig aktiv forening på landsbasis; Todalen sanitetsforening. Dei ønsker fortsatt å vere ei aktiv forening, og da krevest det både fagleg påfyll og nye impulsar. -For å få til dette ønsker vi derfor stille på dei arrangementa som er tilrettelagt for oss, seier leiar Maren Ansnes.


Fotpleie i juli

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. juni 2019

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 1. juli og tysdag 2.juli.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart […]


Kløvertur om Fosstrøinn, Brusetneset og Hengebrua

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. juni 2019

Kløverturen måndag 17. juni blir rundtur frå Bruset om Hengebrua og tilbake om Ramsøya. Oppmøte ved Hals, start derifrå kl. 11.00. Dette er ein fin tur på godt underlag og i ei flat turløype.


Fin og god turdag på Kårvatn!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. juni 2019

Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.


Triveleg Kløverturtreff!

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. mai 2019

Måndagar klokka elleve er det Kløverturtid både for rindalingar og todalingar, og dermed vart det Kløverturtreff i Svinvikrunden. Det vart skikkeleg triveleg!


Side 3 av 3812345...Siste »