Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 5. mars 2025

Sanitetsforeninga arrangerte årsmøte i Sanitetshuset tysdag 18. februar med godt oppmøte. Leiar Solveig Glærum ønskte vel møtt.

Kristine Saksen Ulvund vart vald til møteleiar, erfaren og dyktig.

Frå årsmeldinga 2024:

*Elleve medlemsmøte, seks styremøte og sju arbeidsmøte/prosjektmøte.

*79 medlemmer.

*Kvinnehelseforedrag med fokus på overgangsalder; samarbeid med Surnadal sanitetsforening.

*Russ 2024, samarbeid med Surnadal sparebank og Surnadal Sanitetsforening.

*Kveldsmat på sjukeheimen.

*Utdeling av juleblomster til todalingar over 80 år.

*Basar, kunstlotteri, sommaravslutning, salg fastelavnsris og maiblomster.

*Fotpleie – fire gonger.

*Strikkekaffe – åtte laurdagar.

*Kløvertur – 30 turdagar.

Omsorgsberedskap: Førstehjelpskurs, møte om lokal beredskap i Todalen, kommunalt beredskapsmøte.

Oppussing av leiligheit og fellesrom i Sanitetshuset er oppstarta.

Rekneskapen syner eit driftsunderskott 240 000 kroner. Grunnen til dette er oppussing av ei leiligheit og fellesrom. Men styret har gjort ein god jobb med å søke om støtte og har fått 160 000 kroner til prosjekta. I tillegg er det god økonomistyring, og foreininga har reservar i banken. Både rekneskap og budsjett vart einstemmig godkjent.

Styret i Todalen sanitetsforening. Frå venstre: Arndis Søyset, Solveig Glærum, Åse Ville Redalen, Ragnhild Ansnes Moe, Jorunn Gislaug Hals, Steffi Bohle, Ingrid Pedersen. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Årsmøtet vart avslutta med valg:

Leiar: Solveig Glærum, Nestleiar: Ingrid Pedersen, sekretær Steffi Bohle, kasserar: Ragnhild Ansnes Moe, styremedlem: Åse Ville Redalen. Vararepresentar: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal. Husstyre: Synnøve Hole Talgø og Jorunn Husby.

Britt May Hollås, leiar i Møre og Romsadal sanitetsforening. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Britt May Hollås er leiar for Sanitetskvinnen i Møre og Romsdal. Ho helsa til årsmøtet og orienterte om arbeidet i fylkeslaget.

Etter årsmøtet var det medlemsmøte med mange saker. Det er vedtak om sette i gang arbeid for å få bygd carportar og arbeide vidare med restaurering av fellesrom og kjøkken. Medlemsmøtet vart avslutta med trekking av årets kunstbilete: «Bjørka på Leviklandet» av Odd Skrøvset. Den heldige vinnaren vart Hilmar Søyset Døving.

Todalen sanitetsforening har stor aktivitet og god drift og er takknemleg for god støtte frå lokalsamfunnet.

Styrebordet. Foto: Dordi Jorunn Halle.

«Bjørka på Leviklandet».

Og den heldige vinnaren vart Hilmar! Fotoeigar: Tone Søyset Døving.

Fremst frå venstre: Solveig Glærum, Ragnhild Ansnes Moe, Ingrid Pedersen, May-Elisabeth Holten, Liv Søyset Larsen, Karen Johanne Talgø. Bak frå venstre: Britt May Hollås, Kari Kvendset, Kristine Saksen Ulvund, Arndis Søyset, Åse Johanne Redalen, Anne Helene Halset, Steffi Bohle, Jorunn Hals Ørsal, Jorunn Husby, Marit Sanden Søyset. Foto: Dordi Jorunn Halle.

 

 

Publisert: 5. mars 2025, 18:20