Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ope klatrerom på måndagar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. juni 2022

Det har lenge vore etterlyst at klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion, skulle ha vore opna att. På styremøtet i Todalen Idrettslag onsdag kveld, vart det vedteke å opne klatrerommet, med tilsyn måndag 13., 20. og 27. juni, frå klokka 18:00 – 20:00. Dette er førebels ei prøveordning.

Bakgrunnen for at klatrerommet ikkje vil vere ope heile tida, har direkte samanheng med regelverket som gjeld for klatreveggar, eit regelverk idrettslaget er pliktig å følge. Meir om desse reglane kan du lese her: «Veileder for bygging av klatreanlegg» 

Klatreveggen i reiskapshuset på Bordholmen. Foto: B G Ansnes

Det er hovedstyret i Todalen Idrettslag som vil stå for tilsynet desse tre første måndagane. Dersom dette skal bli eit permanent tilbod, og med eventuelt fleire opningsdagar, må dei som kan ta på seg å vere til stades for å føre tilsyn, melde seg til styret i idrettslaget, slik at ein kan få laga ei vaktordning. Personane som skal føre tilsyn, må vere over 18 år, og dei må vere til stades under heile opningstida.

Det er viktig for styret i idrettslaget å påpeike at klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion, ikkje er stengt på grunn av uvilje frå idrettslaget si side. Da klatrerommet vart bygd, rundt år-tusen skiftet, var det eit heilt anna regelverk for slike anlegg, enn det som gjeld i dag. Regelverket for slike anlegg er mykje strengare i dag, noko idrettslaget må forhalde seg til, for her er det ikkje rom for lokale tilpasningar og driftsformer. 

Publisert: 9. juni 2022, 11:38