Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ny  lysløype  –  prosjektet  er  godt  i  gang

Ny lysløype – prosjektet er godt i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. desember 2012

Todalen Idrettslag er godt i gang med arbeidet med den nye lysløypa på Tjønnmyran. Traseen er forlengst rydda, og no er gravearbeidet kome i gang. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har prosjektet, og arbeidet vil nok foregå utover vinteren etter kvart som det er gode arbeidstilhøve i området.

Den nye lysløpa er kostnadsrekna til om lag ein million, der deler av prosjektet skal utførast på dugnad. Ein god del dugnadsinnsats er alt lagt ned, da ryddinga av løypetraseen er gjort som dugnadsarbeid.  Det meste av tømmeret er alt køyrt fram til vegen ved Vestrum. Etter plana skal den nye lysløypa være klar til bruk til vintersesongen 2013-2014, dersom alt går etter plana. Les også på Todalen.no om «Millionsatsing i ny lysløype«.

Bilder frå anleggsarbeidet som er gjort på Tjønnmyran.  Alle foto: Jon Bruset

Publisert: 26. desember 2012, 12:47