Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje hjort på innmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 30. august 2019

Etter kvart som det har vorte litt mørkare kveldar har det auka på med hjort på innmark. Det er mest koller og kalvar som «tek sjansen» på saftige beiter på innmarka.  Men eit lite varsko til billistar som ferdes etter vegane på kveldstid – kjør forsiktig, for hjorten kjem fort og da har du den lett oppå panseret!

Søndag er det 1. september og start på hjortejakta, og i år som hjortestammen er stor er jegerne oppfordra til å starte jakta tidleg og felle mange dyr.  Da kan hjorten kome fort ut på vegane, dersom den er på «rømmen» unna hjortejegere som er ute på jag.

Mykje god og saftig beite på ekrene fristar nok hjorten ned frå skogen og ut på ekrene. Det skjer ofte i skyminga. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. august 2019, 20:20