Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Musikalsk helsebot med Audun Myskja

Elinor Bolme Torsdag 24. november 2016

Musikk kan vere helsebringande og med det føre til betre livskvalitet innafor t.d. eldreomsorga. Tysdag kjem Audun Myskja til Surnadal for å fortelje korleis ein skal bruke musikk på ein slik positiv måte.

Audun Myskja vil tysdag 29. november, på dagtid, vere forelesar for tilsette i helse- og omsorgssektoren frå fleire kommunar. Men på kvelden, frå kl. 18, kan kven som helst kome for å høre på Myskja i kulturhuset på Skei.

Myskja vil m.a. formidle korleis ein kan bruke musikk der ein elles ikkje når fram. Riktig bruk av musikk kan hjelpe til å forstå kva behov pasientar, t.d. særleg langtkomande demente, har. Og lærer ein seg dette, vil ein gi pasientane ein betre kvardag – med auka livsglede, meir ro og velvære.

Myskja har ikkje berre brukt musikk i omsorga av dei som kanskje treng den aller mest. Han har gjeve ut 12 CD-ar og 1 DVD som absolutt alle kan dra nytte av for å lære seg avspenningsteknikkar og meistring av eige liv.

Audun Myskja er overlege og forskar og har gjeve ut mange fagbøker. Du kan lese meir om Myskja på nettsida livshjelp.no .

Surnadal kommune er med på eit pilotprosjekt som heiter «Krafttak for sang» (krafttakforsang.no), og det er dette prosjektet og Surnadal demens- og helselag som inviterer til foredraget tysdag 29. november.

Publisert: 24. november 2016, 10:27