Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Minikonsert og plåtesignering på Matkroken

Minikonsert og plåtesignering på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juli 2012

Vi har tidlegare omtala konserten med «Snow On A Mountain» som skjer på Pakkhuset Kro på Todalsøra tysdag 24. juli. Tidlegare på dagen (Kl 12.00) blir det minikonsert på Matkroken L.Hals, der det og blir plåtesignering . «Snow On A Mountain», det er Husbybrørne Eirik, Lars Olav og Jan Peter, og dei lanserer no EP-plåta med 4 melodiar der Eirik Husby står ansvarleg for både tekst og tonar. Eirik seier at han tenker spesielt på den yngre garde med minikonserten på Matkroken.

Men om kvelden skjer det altså på Pakkhuset Kro. Der er det full konsert, og da blir det open pub og servering av reker med tilbehør denne kvelden. Konserten startar kl 20.00, og vi reknar med at det blir høve til å skaffe seg eit signert eksemplar av plåta der og i løpet av kvelden. Eirik håpar det kjem mykje folk for å bli med på plåtesleppet!

Publisert: 21. juli 2012, 22:00