Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturvandring på Todalsøra

Kulturvandring på Todalsøra

Jon Olav Ørsal Sundag 29. mai 2011

Eit sekstitals deltakarar møtte fram da Todalen Historielag arrangerte kulturvandring på Todalsøra søndag. Vandringa starta ved Inneråa, ved den gamle brannstasjonen, med Anders Halset som guide og kjentmann. Anders er godt kjent på Todalsøra og er interessert i lokalhistoria så har hadde nok historielaget treft på rette mannen til å være guide på turen. Han la for dagen ein enorm kunnskap om Todalsøra og livet der, og det vart ein interessant tur for alle.

Han starta med informasjon om raset som kom etter Inneråa den 28. juli 1961. Det var eit stort jord- og steinras som dekte det meste av Øraekra, samtidig som det isolerte Todalsøra frå resten av bygda. Raset gjorde ikkje skade på folk og bygningar, men det dekte til ein stor del av den beste dyrkamarka som Halsetgardane hadde innover Øraekra.

Vidare fekk vi informasjon om møbelproduksjon på Elvestad, der Nikolai Talgøs Møbelverkstad starta i kjellaren på bustadhuset, før dei flytta produksjonen i nye lokalar nedafor vegen. Der vart det produsert møblar fram til 1970-talet. I dag er det Reidun og Reidar Østvik som bor på Elvestad.

Sidan gikk det slag i slag utover Todalsøra. Ved Ørskog var det tidleg på 1830-talet sagbruk som tilhørte Kårvatn, og dermed kom historia om konfliktane om sagvatnet oppå Halsetfjellet. Vidare om kassafabrikken som Peder Eide starta rundt 1909 og slakteriet. Frå Eides kassafabrikk gikk det ein liten jernbane utover til ei kai på Todalsøra. Det huset som står att no er det gamle slakteriet, og det er i dag restaurert til fritidshus for Brynhild Rendal Finnøy og familien.

Etter kvart som vi passerte husa utover fikk vi informasjon om kven som bor der, og litt om historia til husa. Dette var gjerne krydra med artige historier om folk og hendingar oppgjennom åra. Dei første bustadhusa kom på 1860-talet, og både på Nerbu, Nerheim (Gammelsamvirkelaget), Strandstad (Hals) og Kalset (Gammelstua) har det vore drevet handel oppgjennom tida.

Til slutt enda turen ved Pakkhuset Kro, der Todalen Historielag sørgja for traktering med pølser og forfriskingar, og tid til litt prat og sosial kontakt. Pakkhuset ligg ved den gamle dampskipskaia, der dampen la til i gamle dagar. Fjordtrafikken med dampen tok slutt på slutten av 1950-talet, kanskje 1959. Den tida var det truleg rutebåten «Driva» som trafikkerte fjordane på Nordmøre.

Sjå bildegalleri fra kulturvandringa gjennom Todaløra nedafor.   Alle foto: Jon Olav Ørsal/Driva

Publisert: 29. mai 2011, 21:00