Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kortreist turtips – Svinvikrunden

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juli 2019

Du finn ei heilt utruleg ro i sjela når du går Svinvikrunden – det er mykje å sjå og oppleve, og her er det mykje gammel veghistorie som viser kor stor utvikling det har vore den siste hundreårsperioden. Heile runden er på 4,6 km, og heile runden går på tursti, grusveg og asfalt.

På plakaten som er sett opp like ved parkeringsplassen/lunningsplassen er det gjeve fyldig informasjon om vegane – den eldste som går oppover bratte bakkar over Kleiva og nedover til Snøya. Den vart bygd ved forrige århundreskifte. Neste generasjon vegtrasé går innover nedmed sjøen, og passerer Nausta og Gjengstøa og innover til Snøya.  Siste generasjon så langt er vegen gjennom Svinviktunellen som var opna i august 2001.

På turen har vi utsikt til Svinvik Gard frå fleire vinklar. I fjøset vart det nyleg opna gourmetrestaurant – der Kristina og Tore Svinvik er vertskap. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi tok turen oppover Kleiva til rundens høgaste punkt, og har mange bildeglimt som vi gjerne deler med lesarane.  Alle foto: Jon Olav Ørsal  

 

Publisert: 16. juli 2019, 16:05