Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom og hør Jo Sverre i arboretet

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. juli 2017

Søndag 9. juli kjem Jo Sverre Sande til Svinviks arboret for å halde konsert. Rindalingen har markert seg skikkeleg i musikkmiljøet dei siste åra, og var sist i Todalen som deltakar på låtskrivarseminaret på Todalshytta og deltok i den samanheng på konserten Raus 2017. No er han altså aktuell med eigen konsert i arboretet søndag kveld kl 18.00.

Jo Sverre er ein dyktig låtskrivar, og har sjølv produsert det meste av tekstene han framfører.  – Ta turen til Svinviks arboret søndag kveld – billettar får du ved inngangen!

Publisert: 5. juli 2017, 08:35