Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klare for juleferie

Elinor Bolme Onsdag 20. desember 2017

I kveld inviterte elevar, tilsette og FAU ved Todalen Oppvekstsenter til den årlege juleavslutninga ved skulen. Med fullsett sal med familie og venner vart det ei triveleg førjulsstund i gymsalen. Alle skuleklassane hadde øvd inn kvar sine underhaldningsnummer og til slutt kom den vesle barnehagegruppa med sitt innøvde «På låven sitter nissen». Dei er i år berre 10 stykker, men med fullt oppmøte sjarmerte dei med si framføring.

Etterpå vart det kaffeservering og filmframvisning av 3. og 4. klasse som hadde laga ein spanande film om julestemninga som forsvann.

Gudmund Husby tok ein runde med pianoet, slik at også juletregangen vart berga rundt den fine furua i gymsalen før nissen også i år tok turen innom. FAU hadde i tillegg utlodning, og bygdafolket støtta godt opp som vanleg.  

Under er eit lite bildegalleri frå kvelden. Alle foto ElinorB

Publisert: 20. desember 2017, 23:10