Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kjerringdilten» på langfredag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. mars 2024

Fredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag. 

Driftsstyret vil selje kaffe, bakels med graut, bakels med syltetøy og rømme, Kvikk lunsj og pålser med brød/lompe. Vêrmeldinga for langfredag på YR.no seier at det skal bli overskya opphaldsvêr. 

Driftsstyret for skihytta ønsker alle velkommen på årets utgåve av «Kjerringdilten»!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. mars 2024, 17:00