Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kilian vart raskast i vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. februar 2017

Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart.  Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud Johannesen.

Startskotet har gått – Håkon og Kilian er først ute av stadionområdet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I dameklassen var Emilie Forsberg som fekk beste tid, men ho fikk konkurranse heilt til målstreken av klubbvenninna  Ida Nilsson med differanse på fattige 4 sekund. På tredje kom Ingrid Stengård 3:00 etter Forsberg.

Emilie Forsberg på toppen av pallen. På andreplass kom Ida Nilsson og tredjeplassen fikk Ingrid Stengård. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I juniorklassen var Sondre A. Svensli frå Eidsvåg åleine. han kom i mål på 36:26, og bruka altså knappe 6 minutt lengre tid enn Kilian Jornet.  Sondre var godt nøgd både med resultatet og forma, og ga klart uttrykk for at han no er klar for å dra til utlandet og kjempe om VM-medalje.

Trimklassen – frå venstre Emil H. Ansnes, Tore Korsnes, Svein Håvard Brøndbo, Ingrid Skarland, Astrid Kvendset og Knut Skarland. i tillegg starta Eivind Bolme i trimklassen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I trimklassen var det 7 deltakarar som stillte på startstrekenpå stadion ved Dalahaugen. Startpunktet ligg på overkant av 200 m.o.h. og målpunktet litt altså på høgde 909.

Her kan du laste ned komplett resultatliste frå dagens randonee vertikal på Kårvatn i Todalen. 

Rennleiar Nils Ove Bruset takka deltakarane og funksjonærane for deltakinga og ønska velkomne att neste år – og fikk applaus for det. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Så er det berre oppryddinga som star att – her er Markus Bolme i gang med å samle inn portstolpar. Foto: Jon Olav Ørsal

Jo Gjeldnes var funksjonær under rennet, og søndag var han i målområdet oppå fjellet. Staden har ikkje noko namn, men er ein høgde på 909 m.o.h.  Alle foto i galleriet : Jo Gjeldnes

Publisert: 19. februar 2017, 15:59