Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kickstart på valgkampen

Elinor Bolme Laurdag 25. mai 2019

Til hausten er det nytt kommunevalg og fleire av lokalpartia byrjar no å røre på seg. Surnadal Arbeiderparti har saman med resten av lokallaga i Møre og Romsdal kickoff på årets valgkampkampanje.

Dei var derfor ute på stand på Skei ved Coop i dag og delte ut sine tradisjonelle roser og ikkje minst prata med folk som passerte.

Eit utdrikningslag for Ann Kathrin Moen kom forbi, og da vart det naturleg vis ein prat med ordførarkandidat Anett Ranes.

Ordførar Lilly Gunn Nyheim fortalte at dei no kjem til å intensivere valgkampanjen framover. Både med heimebesøk og stands rund om ute i grendene og ellers kor det foregår ting. -Ordførarkandidat Annett er lett å få både i tale og på besøk, ho tek seg tid til å komme når ho får invitasjon.

Publisert: 25. mai 2019, 13:09