Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Karin vart ny kommunalsjef

Karin vart ny kommunalsjef

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. desember 2011

Formannskapet gjorde i dag einstemmig vedtak om å tilsette Karin Halle (46) i den nyoppretta stillinga som kommunalsjef i Surnadal kommune. Ansvarsområdet blir spesielt næring og utvikling. Karin Halle kjem frå Todalen, og kjem  frå stillinga som NHO-direktør i Sogn og Fjordane. Tidlegare var ho reiselivssjef i Sogn og Fjordane i ein periode. Karin har flytta til Todalen, og tiltrer stillinga som kommunalsjef ein gong på nyåret. Les meir om Karin Halle her.

Publisert: 13. desember 2011, 19:47