Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåra til Årets leverandør hos Optimera

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. januar 2016

Det var stor stas da Talgø/MøreTre fredag kveld vart kåra til årets leverandør hos Optimera/Montèr-kjeden som denne helga har byggvaremesse på Gardermoen. Det var salssjef Bjørn Hauglann og marketingsjef Heid Snekvik som tok i mot den prestisjetunge prisen på ei tilstelling på gardermoen fredag kveld.

Forhandlapris_1916513

Dette er kanskje den mest prestisjetunge prisen vi har motteke nokon gong, seier konsernsjef Terje Talgø som sit heim med gipsa fot. Foto: Talgø Invest

Vi fekk ein liten prat med Heid Snekvik i telefonen laurdag morgon, da ho var på veg ombord i flyet på veg heim att etter at messestanden var ferdig montert og det var klart for opning. Ho var sjølvsagt glad for prisen og sette spesielt stor pris på at det var kundene – Montèr-butikkane – som hadde stemt fram Talgø/MøreTre. – Vi fikk stemmer frå alle butikkane, og gikk dermed til topps!  Montèr-kjeden er landets største byggvarekjede, og har altså samla folk frå alle sine buikkar på Gardermoen denne helga. I begrunnelsen for prisen var det mellom anna lagt stor vekt på at bedriften er innovativ og utviklingsorienterte, og fikk mykje skryt frå scenekanten.

Terje Talgø, som er konsernsjef i Talgø, seier at dette er den største og mest prestisjetunge prisen Talgø nokon gong har teke i mot. Talgø var påmeldt og hadde flybillett til Gardermoen i går, men sitt heime med beinet i gips etter brudd i akillessena.  Men han følgjer med på det som skjer, og sett stor pris på – og er stolt for prisen og heideren som bedrifta har fått.

Eit lite bildegalleri frå monteringa av messestanden til Talgø/Møretre på Gardermoen.  Alle foto: marketingsjef Heid Snekvik, Talgø Invest.

Publisert: 16. januar 2016, 12:36