Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kantslåtten ferdig for i år?

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. september 2017

Sverre Kjølstad har mange jarn i elden – eit av dei er kantslått og rydding av gras og kratt rundt informasjonsskilta som viser veg til Åsbåsnyta og til Sula. Måndag trefte i Sverre i full gang med kantklipparen på avkjørselen uti Rabbå, der skogsbilvegen i retning Snytå tek av.  

Sverre er også ein habil skribent og fotograf som vi i Todalen.no tyr til når vi treng ei hjelpande hand på Nordvik. Sist var det nybygget i Slettnessa som prega «nyheitsbildet» på Todalen.no, men han er meir eller mindre fast hoffreporter frå påskeskirennet på Nordviksetra.  Og det er nok fleire enn vi som nyter godt av Sverres engasjement – han er aktiv både i Stangvik historielag, I.L. Søya og ikkje minst Nordvik grendelag.

Publisert: 19. september 2017, 16:00