Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegåver til Estland, innsamling 6. november

Dordi Jorunn Halle Tysdag 23. oktober 2018

Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.

Sanitetsforeninga har alt eit lite lager av julegåver til Estland, men tek svært gjerne i mot fleire gåver. Alle som ønskjer å sende gåver til Estland, kan levere ferdig innpakka gåver i Sanitetshuset tysdag 6. november frå kl. 16:30 til 18:30. Gåvene må merkast med alder og kjønn. (Gjerne på engelsk: boy/girl/man/woman).

Familien Jensvold i Rindal er kontaktpersonar for Sanitetsforeninga, og dei tek ansvar for at gåvene kjem fram til dei som treng det.

 

Først publisert: 23. oktober 2018, 10:00 - Sist oppdatert: 22. oktober 2018, 16:03