Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «historisk filmkveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. august 2024

Torsdag 5. september klokka 18:30 inviterer Todalen historielag til «historisk filmkveld» i Todalen ungdomshus. Her vil det bli vist filmar Svein Åge Saksen har laga frå Todalen barnehage, og litt frå Todalen skule i tidsrommet 1991 – 95. Så her kan det vere nokon som kan få sjå seg sjølv i ei litt yngre utgåve?

Svein Åge laga i 2013 også ein film kalla Todalsfjorden minutt for minutt. Denne filmen vart laga da det gjekk ferge mellom Todalen og Kvanne i samband med raset. På filmen fortel Gudmund K. Kvendset, Sven Olav Svinvik og Anders Halset om stadnamn på strekninga. 

Dersom det blir tid, vil det til slutt denne kvelden bli ein uformell bildequiz ved Ingri og Ragnhild, der spørsmåla utelukkande er henta frå historielaget sitt store og rikhaldige bildearkiv. 

Det blir sal av kaffe og kaffebrød!

Todalen historielag ønsker alle velkomne til «historisk filmkveld»!


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 29. august 2024, 13:02