Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

INF er bekymra for den sivile beredskapen

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mars 2018

Indre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) var nyleg samla til årsmøte. I ein uttale frå årsmøtet vil dei gje uttrykk for at dei er uroa over dei stadige øydeleggelsane som uver påfører samfunnet som følgje av klimaendringar. Årsmøtet oppmodar derfor kommunar og andre sivile instansar til å gå gjennom sine planar for beredskap og oppgradere desse, slik at vi i framtida mest muleg kan forebygge mot ekstreme vêrforhold.

Berre denne vinteren har ras ført til isolerte bygdelag, stengde vegar, tusenvis av husstandar har vore utan straum over kortare og lengre tid. I ei tid med ein meir sårbar og komplisert infrastruktur kan heile samfunnet lett bli heilt lamma med dei konsekvensar dette vil få. Heimevernet ( HV ) som etter HV-loven kan nyttast ved slike hendingar, må tilførast nødvendig nytt materiell som sambandsmateriell og feltvogner. Dette for at dei raskt og effektivt kan avhjelpe i slike vanskelege og kaotiske situasjonar. Med sin lokalkunnskap er HV ein betydeleg resurs når krisesituasjonar oppstår. 

Godt samarbeide lokalt mellom ordførar, lokalt politi og HV-områdesjef er av avgjerande betydning for å avgrense skadar på personar og eigedom. På dette områder må også rutinar verta betre. Dei kommunale beredskapsråda må på nytt reorganiserast og brukast aktivt. Den komande NATO-øvinga i haust i Midt-Noreg vil setja alle delar av totalforsvaret på prøve og avdekka manglar. INF vil oppmode nemnde sivile instansar om å vera godt førebudde når øvinga tek til i oktober. På øverste plan må regjering og storting snarast vurdera om ein ny gjennomgang av totalforsvaret kan vera naudsynt. Dette i tillegg til den nye lova om nasjonal sikkerheit som no ligg til handsaming i Stortinget. Det er og svert viktig å styrka cyberforsvaret mot angrep på sivile installasjonar som kan setja viktige samfunnsfunksjonar heilt ut av kraft.

Publisert: 13. mars 2018, 10:10