Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar – førehandssalet startar laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. oktober 2022

Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd startar laurdag 29. oktober på Matkroken Todalen klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps.

På sjølve basaren i Todalen ungdomshus søndag 6. november, blir det stort basarbord med fine gevinstar, eige barnebord. lykkehjul og pilkast. Sal av kaffe. bakels med graut og brus.

Ca. klokka 16:45 er det utdeling av premiar for trimåret 2021/22 (1. oktober 2021 – 30. september 2022), og premiar til dei som har vore med på friidrett på Bordholmen stadion i sommar.

Todalen Idrettslag er takksame for gevinstar til basaren.

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen innom Matkroken på førehandssal og på basaren søndag 6. November!

 


Medlem i Todalen.no –


 

 

Publisert: 29. oktober 2022, 10:12