Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
I rute til skulestart ved Stangvik oppvekstsenter

I rute til skulestart ved Stangvik oppvekstsenter

Elinor Bolme Laurdag 4. mai 2013

Torsdag kveld var SSU(samarbeidsutvalget) for Todalen og Stangvik Oppvekstsenter samla for ordinært møte ved Stangvik oppvekstsenter. På møteagendaen var det avsett ein halv time til befaring av nybygg, der også FAU ved både Todalen oppvekstsenter og Stangvik oppvekstsenter var invitert. Redaksjonen spurde i den anledning einingsleiar Bjørn Einar Høvik om det var rå og få bli med på ein fotorunde, da kanskje fleire kunne tenkt seg å få eit lite innblikk i byggeprossessen som skal ferdigstillast i løpet av sommaren.

Einingsleiaren var mildt sagt entusiastisk undervegs i omvisninga, og både han og dei tilsette gler seg no til å starte i det nyrestaurerte bygget frå hausten av skuleåret 2013/14. Per i dag er både kostnadsrammer og tidsrammer i prosjektet overheldt, kunne han fortelje. Ferdig renovert har skulen kapasitet på ca 80 elevar. Men berre i overkant av 50 elevar vil bevege seg i gangane frå hausten, sidan skulen er no inne i ein periode med låge elevantall.

Lokala går no frå tradisjonelle klasserom med lekasjar og smågnagarar på loftet, til lyse, lette og åpne lokaler med topp moderne ventilasjon. Det er anlagt amfi i hallen, med nær tilknytning til nytt skulekjøkken og kantine. Noko elevrepresentantane i SSU tydeleg gledde seg til.

Under er nokre bilder av eit oppvekstsenter som heilt sikkert blir storveies i ta i bruk. Alle foto ElinorB

Først publisert: 4. mai 2013, 07:00 - Sist oppdatert: 3. mai 2013, 17:45