Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Her smell det!

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2015

I Stangvika blir det nye veg og samtidig meir parkeringsplass til kyrkja, og tysdag var det tid for å sprenge ein bergnabbe som lag i vegen for nyvegen. Det var Grytskog Maskinstasjon som hadde prosjektet, og vi fikk med oss den eine salva som bokstaveleg ordna veg i vellinga.

DSC_6334

Her skal det bli ny veg til prestegarden. Foto: Jon Olav Ørsal

Området som skulle sprengast var skikkeleg plåstra med gummimatter og sjølv om det vart ein skikkeleg smell når ladninga gikk av, så gikk det heile pent og pynteleg for seg, og akkurat slik det var planlagt. Vegen vart sjølvsagt stengt for sprenginga og varselsignal med sirene sørga for at alle heldt seg på forsvarleg avstand – inkludert vår utsendte som måtte betrakte det heile gjennom telelinsa.

Som sagt skal det bli ny veg opp til Prestgarden og hyttefeltet ovafor, men det skal også bli ein ekstra parkeringsplass for Stangvik kyrkje for ca 40 bilar. Parkeringsplassen blir lokalisert fra nyvegen og bortover til gammelvegen som gikk opp til Prestgarden.

Nokre bilder frå sprengningsarbeidet og salva som vi fekk være med på.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 31. mars 2015, 18:24 - Sist oppdatert: 2. april 2015, 12:42