Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Heimebaksten går unna…

Heimebaksten går unna…

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. mai 2012

På tur nedover Lykkjebygda fikk vi ideen om å stikke innom MP’s Heimebakeri. Det er Martinus Peder Haugen som driv eit lite bakeriet som er lokalisert til det gamle fjøset i Ytre Lia, der han produserer storbrød, formkaker, knekkebrød, påleggssalatar og mølsgraut. Og varene går unna, blant anna på Mega og Kiwi i Surnadal, på torvet i Kristiansund og hos Joker på Kvanne.

Martinus Peder fortel at han alltid har lika å lage mat, og etter kvart fekk han spørsmål om å lage blautkaker til bryllaup og bursdagar. Dermed var han i gang, og i 2009 tok det til å balle på seg. Da vart kjøkkenet snart for lite, og han såg dermed mulegheita for å bygge om fjøset til eit lite bakeri. I første omgang er ca 100 m2 av fjøset gjort om til bakeri, men det er 300m2 til for å ekspandere i, dersom det blir naudsynt.

Martinus Peder har leita fram gamle oppskrifter og delvis prøva seg fram for å lage gode varer. For det er slett ikkje noko industribakeri vi er komne til. Det er heimelaga brød og kaker han lagar, der det er lagt vekt på smak og kvalitet. Og dette har vorte skikkeleg populært, og varene går unna.

Kvar onsdag og laurdag går turen til torget i Kristiansund, der han etter kvart har fått mange faste kundar som møter opp for å kjøpe ferske heimbaka brød og nystekte vaflar.

Først publisert: 2. mai 2012, 06:00 - Sist oppdatert: 1. mai 2012, 23:49