Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hardtrening fram til Bøfjordhelga…..

Jon Olav Ørsal Måndag 3. juli 2017

Seniorlaget til Todalen I.L. er ikkje med i serien, men har det artig med fotball likevel. Til helga skal dei til Bøfjorden for å forsvare Todalens æra under Bøfjordhelga. Vi reknar med å ta alle 3 poenga under denne kampen, skøyar fotballsjef Knut Bergli når vi snakka med han i dag.

Men etter kvart røpar knut at dei har all muleg respekt for Bøfjord-laget og resultatet er slett ikkje avgjord på førehand. Kampen startar fredag kl 19.00, på Leikarvollen stadion i Bøfjorden. Kampen er ein del av Bøfjordhelga som har eit allsidig program som du kan sjå nedafor her.

 

Publisert: 3. juli 2017, 21:24