Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har ført strikkekunnskapen vidare

Elinor Bolme Laurdag 19. november 2016

Tidlegare i haust gjekk Todalen Skule ut med etterlysning av strikkeglade damer som kunne være med  hjelpe til i formingstimane. Responsen var god, og to til fire damer møtte kvar fredag utover hausten. Både ungane, strikkehjelparane og dei tilsette har hatt det utrolig koseleg disse stundene på fredagane fortel Randi Helene Husby frå skulen.

Dagen i går vart avslutta med at ein dyktig 2.klassing leste opp sitt eige dikt. Skulen ønsker å takke for veldig god hjelp fra damene som har møtt: Edel Mikkelsen, Jean Kvendset, Line Kvendset, Kari Kvendset, Synnøve Gjeldnes, Sigrid Talgø og Randi Irene Gjeldnes.

Strikkeprosjekta er ikkje heilt ferdig enda, så strikkerhjelperne er velkomne tilbake neste fredag om dei har tid og lyst.

Under er eit bildegalleri frå gårsdagens økt. Foto: Randi Helene Husby.

Publisert: 19. november 2016, 10:37