Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
God pinse!

God pinse!

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. mai 2013

Med bruset frå Storfossen ønskjer vi alle våre lesarar ei riktig god pinse! Sola og mildvêret har sørgja for flaumstore elvar, og Storfossen var pinseaftan eit prektig og fint fotomotiv. Den store vassføringa fører til at vegen til Kårvatn er flauma over, men det er foreløpig ikkje problem med å kome over med bil.

Toåa vil nok fortsette å vokse utover kvelden, men det er nok ikkje nokon risiko for nokon storflaum foreløpig. NVE har sendt ut eit generelt varsel for Sør-Noreg som lyder slik: ”Kraftig snøsmelting og regnbyger kan føre til vannføringer med mellom fem og ti års gjentaksintervall i bekker og elver som fremdeles har snø igjen i store deler av nedbørfetlet.”

yr.no går varselet ut på at varmen og snøsmeltinga held fra også 1. og 2. pinsedag. Bildet på framsida er teke 18. mai kl 18.08. NVE har målt vassføring til 59,8 m3/s kl 18.15. Topp vassføring var det etter målingane  i Storfossen kl 20.45 med 64,88 m/s.  Sidan har det gått nedover til ca 47,0 m3/s kl 08.00 på søndag.

Jon Bruset har også vore ute med kamera i ettermiddag. Sjå hans bilder i bildegalleriet  nedafor.  Foto: Jon Bruset

Først publisert: 18. mai 2013, 18:48 - Sist oppdatert: 19. mai 2013, 10:07