Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Gigantisk frukostparty

Gigantisk frukostparty

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2013

Fotballgruppa inviterte todalingane til felles frukost på Bordholmen på grunnlovsdagen.  Og todalingane dei kom – over 160 store og små vart servert frukost før kalaset var over. Og det var skikkeleg frukost, med koka egg og massevis av godt pålegg. Nok mat vart det også, og jammen trur eg at folket kosa seg og sette pris på både uteservering og det fine vêret. For det er ikkje ofta at du kan sitte lenge ute på Bordholmen, før det er behov for å få på seg ein vindtett utapåjakke!

Det er nemleg ein mangeårig tradisjon at fotballgruppa serverer frukost til sambygdingane. For ein hundrelapp for vaksne og 50-lapp for born, kan du spise så mykje du vil og sitte så lenge du vil til bords. For den som var litt utålmodig var det stillt til disposisjon eit tital trøbiler, og de var nok i aktivitet heile tida gjennom føremiddagstimane med frukostparty. Vi har laga eit bildegalleri frå frukostpartyet på Bordholmen. Sjå gjennom – kanskje er du med på eit eller fleire bilde?

Vi kjem med meir frå feiringa – folketoget, gudstenesta og arrangementet i skulen etter kvart.

17. mai-frukost 2013 på Bordholmen.  Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 17. mai 2013, 19:13 - Sist oppdatert: 20. mai 2013, 10:27