Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fra Todalen til California!

Mari B. Redalen Sundag 18. januar 2015
Hvem er du, hvor bor du, hva gjør du til daglig og hvorfor flyttet du?
    Eg heiter Birgitte Kvendset, og bur i Santa Rosa, California (som ligg ca. 90 km. nord for San Francisco).
Flytta til California for å studere, og vart da buande her. At eg allereie hadde slekt i området (Pope Valley), gjorde at det vart lettare å vere så langt heimefrå.
Er gift med Alberto Lana, som er født og oppvokst i Mexico City, men som og flytta til California for å studere. Vi har ei dotter, Madelin Inez, som er 10 år. Ho går i 5. klasse ved Hidden Valley Elementary School, og er ei aktiv dråk. Kan prate som ein foss (noko som ho ikkje fekk frå mor si). Vi har og ein liten hund, Toby, som er ein mini-schnauzer. Han er og ein aktiv type, og likar å springe etter tennisballar.
Eg har budd i Santa Rosa sidan 1991, og etter studia fekk jobb ved avisa The Press Democrat i 1996, og har vore der sidan.
Har stilling som Advertising Operations Supervisor, der eg mellom anna har ansvaret for alle bilag som skal inn i avisa kvar dag, overser gruppa som sett saman avis-sidene, og  er involvert i forskjellige prosjekt som avdelinga får.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Familien i Alaska. Foto: Birgitte Kvendset.
Beskriv hvordan en vanlig dag ser ut for deg!
    Ein typisk dag er å prøve å kome seg opp i tide for å gjere seg klar til skule og jobb. Er ikkje akkurat den som sprett opp så snart alarmen går, og da blir det «Mad Dash, Del 1», der Madelin må gjere seg klar for dagen, spise frokost, pakke lunsjen, og hugse på ryggsekken. Nytt for dette skuleåret, er at ho tek bussen til og frå skulen – ein stor, gul skulebuss. Det er kjekt, for den stansar rett utanfor døra vår. Ho er med i skulekorpset, og spelar klarinett (som ho tek etter både bestemor og mor si). Så snart ho er på bussen, er det «Mad Dash, Del 2», der eg må  gjere meg sjølv klar og prøve å kome meg ut døra og til kontoret til ca. kl. 08:30, men det er ganske fleksibelt. Både Alberto og eg er heldige med at arbeidsplassane våre ligg berre nokre kilometer heimefrå. Kjem heim slik i 17:30-tida, der middagen ofte er i gang. Om helgane prøver vi å kome oss ut på ein trimtur, enten til fots eller på sykkel.
bw
Madelin, Alberto og Toby. Foto Birgitte Kvendset
Hvor ofte er du hjemme i Todalen, og når kommer vi til å se deg i Todalen igjen?
    Er heime i Todalen ca. kvart 3. år. Det er alltid like spesielt å kome køyrande innover stranda, og sjå dei mektige fjella som omkransar bygda. Håper på at neste tur blir i løpet av 2016.
Hva viser du først frem av Todalen til venner som kommer på besøk til bygda for første gang?
    Ein tur rundt heile bygda står ofte på programmet til dei besøkande. Sidan eg bur så langt unna, så er det ikkje så ofte at eg kan vise fram bygda, men for dei som har besøkt Todalen, så er det ein imponerande plass. Ikkje minst for nokon som har vokse opp i ein by med 20 millionar.  Ein setertur til Kvendsetdalen er og noko som er flott å få med seg, og ikkje minst ein tur ut på fjorden.
Kommer du til å flytte til Todalen igjen?
    Skal aldri seie aldri. Kan jo hende ein gong i framtida, iallefall i lengre periodar enn berre eit par veker.
bading
Bading i Todalen. Foto: Birgitte Kvendset
Er det noe spesielt du ikke klarer deg uten?
   Har vorte slik at eg må ha ein kopp kaffe så snart eg kjem på kontoret om morgonen, og samtidig sjekke det siste på todalen.no.
Det er det første som eg slår opp å dataskjermen, og da er det ikkje mykje som kan avbryte den stunda.
setertur_2000
Setertur. Foto: Birgitte Kvendset
Hvordan holder dialekten din seg som utflytta todaling? Kanskje du har et eksempel på en vanlig
dialektmisforståelse?
    Held godt fast på todalsdialekta, tykkjer eg sjølv. Sidan det går på engelsk til dagleg, så har det ikkje vore nødvendig med å legge om dialekta. Det blir ofte til at eg gløymer visse ord  og uttrykk, men bade les og snakkar norsk såpass ofte at eg heng med.
Hvordan vil du sammenligne Todalen med det stedet du bor nå? Noen store savn?
Santa Rosa har ca. 160,000 innbyggjarar, og er ein fin by. Godt klima og fin natur i nærleiken.
Men, eg tykkjer vi som kjem frå ei bygd som Todalen er veldig heldige. Ein skal sjå lenge etter det samhaldet og den støtten som todalingane viser for kvarandre. Bydgesamfunnet er ganske spesielt.  Eg tykkjer alle dei tiltaka som bygda byr på er flotte, og takk til todalen.no så kan ein halde seg informert om kva som skjer og liksom «vere med».
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Birgitte og Madelin i Grand Canyon. Foto: Birgitte Kvendset
Hvor ofte er du innom Todalen.no?
Kvar einaste dag! Og det er heilt sant. Tykkjer todalen.no og redaksjonen gjer ein kjempeflott jobb og innsats med å halde oss informert om kva som foregår i bygda. Kan ikkje bli meir lokalt enn det ein les på todalen.no, og det sett eg innmari stor pris på.
PopeValley_2014
Pope Valley. Foto Birgitte Kvendset
Redaksjonen utfordrer Ingvild Ramsøy til neste blogginnlegg!

Publisert: 18. januar 2015, 16:14