Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Frå Todalen i Bondebladet

Elinor Bolme Måndag 29. august 2016

I siste utgave av Bondebladet er det ein fin reportasje om Håvard Halset som ønsker å satse på landbruket og ha dette som levebrød saman med sambuar og barn etter kvart. Møre og Romsdal er nedgangsfylke nummer ein når det gjeld landbruk.  Også i Todalen er antal bruk redusert dei siste 10-åra, men dei som ennå held på vel å satse vidare. Todalen Mjølk i Pestua har auka sin kapasitet, og no er det altså Håvard og tidlegare omtala Olav på Halle som byggjer ut.

Bondebladet er medlemsavisa for Norges Bondelag og har eit opplag på vel nesten 70 000, med omlag 130 000 lesarar, og er du abonnent er nok bladet kanskje allereie ankommet postkassa. Om du ikkje er så heldig kan du lese saka som er lagt ut på Bondebladet.no her: Satser friskt i nedgangsfylke

 

 

Publisert: 29. august 2016, 17:40