Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin og stille seinhaust i turstien

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. november 2020

Alle årstider har sin sjarm!  Slik er det også i Toåa tursti, som følgjer Toåa frå Trøbakkan og nedover til Halsabrua.  Med mykje fint rim som har punta opp både skog og mark, tok vi turen nedover stien. Håpa sjølvsagt at det dukka opp ein trimmar eller to, slik at vi kunne få eit lite stuntintervju. Som oftast treffer du folk i turstien, for den er mykje bruka – men denne gongen fikk vi ha den for oss sjølv.

Her i Meet renn Lauuvåa ut i den stor verden – som i første omgang er Toåa. Foto: Jon Olav Ørsal

Seinhausten har sjølvsagt sett sitt preg på turstien, enkelte plassar lag et enno att litt snø etter siste snøfall, men det var skjerte og fint å gå og du kan godt bruke joggesko.  Etter kvart som vinter og snø kjem nærare innpå så vil det nok være vinterjogg med pigg som er det rette fottøyet i turstien. 

Kameraet vart hyppig bruka på turen og nedafor finn du eit lite bildegalleri med nokre inntrykk frå dagens trimtur  – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. november 2020, 13:47