Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Familietreff med gløgg og julestemning

Familietreff med gløgg og julestemning

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2012

Søndag var det nytt uformelt familietreff i Skulstuåa, der dei feira første søndag i advent med gløgg og mykje gode julekaker.  med smått og stort var det eit 20-tals frammøtte, som kosa seg i kvarandres selskap gjennom eit par føremiddagstimar denne kalde desemberdagen. Gradestokken viste nemleg rundt 10 grader, og minimumstemperaturen i natt var heilt nede i -12 grader.

Men inne i Skultstua var det godt og varmt, og med litt varm gløgg så vart det god stemning. Dei minste nytta høved til å jobbe litt på juleverkstaden, og det blir nok kanskje nokon som får ei julehelsing herfrå etter kvart. Tida går for no, og måndag det er berre att 3 veker til sjølvaste julekveld!

Nedafor finn du nokre bilde frå familietreffet i Skulstuå.  Aller foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. desember 2012, 15:28