Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit av dei første vårteikna

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2019

Når feiebilen dukkar opp, da er det som eit teikn på at våren er i anmarsj.  Torsdag var Mesta ute med feiebilen, og vaska, pussa og støvsuga vegkantar langs FV671 inn til Todalen.  Det blir mykje støv og lort i samband med strøing og salting gjennom ein lang vinter.

Mestas feiebil reingjer vegkantane skikkeleg med både spyling, børsting og støvsuging – og samlar lorten i ein lagertank på bilen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er viktig å få bort svevestøvet som er eit resultat etter nettopp strøing og i tillegg blir det støv av kjøring med piggdekk.  Mesta har ein spesialbil som både spyler og børster og syg opp det meste av lorten og støvet etter vegane.  No er altså Todalsvegane rengjorte og klare for ein ny vår- og sommarsesong. 

Publisert: 22. mars 2019, 09:05